Blogg

Message in a bottle

Vis at du har forventningar til leiaren din. Hjelp den stakkaren!

elin_bilde
Av Elin Styve, kommunikasjonsdirektør ved Høgskolen i Bergen

Internkommunikasjon i store verksemder må oppfylla minst to grunnleggande føresetnader. Det må vera ein fundamental systematikk over bodskapsformidling og timing, og organisasjonen må etterstreva ein undersøkande kommunikasjonsstil. Jobbar ein ikkje for dette, kan ein like gjerne senda flaskepost til kvarandre.

Reality check

«Undersøker du påstandar med den det gjeld før du bringer vidare informasjon frå andre og uformelle kjelder?»
«Er du sikker på at du har forstått den andre riktig før du konkluderer og handlar?»
«Anerkjenner du at andre handlar i beste meining frå sin ståstad, på same måte som du vurderer dine eigne handlingar?»
Dette er klipp frå Høgskolen i Bergen si eiga sjekkliste for internkommunikasjon på intranettet.

Opp med handa, dei som alltid gjer det som står i sjekklista!
Handa mi går berre halvvegs til værs. Men eg prøver seriøst å halda meg til desse ideala som eg sjølv har nedteikna, sjølv om eg går på ein smell innimellom.

«Misforstå meg rett» – not

På jobben min er det om lag 800 tilsette. Myter og tolkingar om dei andre – personar, grupper eller einingar er nesten uunngåelege i  store organisasjonar. Mykje ressursar går i dass på grunn av misforståingar og mistolkingar.
Truleg alt for sjeldan blir den eller dei det gjeld, spurt direkte om kva dei tenkjer, og kvifor dei handlar som dei gjer. Klarar du å visa oppriktig interesse i å finna ut kvifor dei andre handlar/tenkjer/seier som dei gjer, og korleis dei meiner at det tener organisasjonen sitt formål? Då har du ein undersøkande kommunikasjonsstil.

Å ha ein undersøkande kommunikasjonsstil inneber høg risiko. Me står i fare for å måtta endra standpunkt etter at dei andre har fått høve til å forklara sine motiv og handlingsmåtar. Det kan vera litt ergerleg å måtta gå tilbake på ting, når ein gjerne har gått høgt ut på banen i utgangspunktet. Det kan også føra til at me blir konfrontert med våre eigne fordommar mot andre personar eller grupper i organisasjonen, og i ytste konsekvens at me må endra våre eigne planar, vaner og arbeidsmetodar. Dårlig dag på jobben, med andre ord.

Ikkje noko snikksnakk

Ja, og så då? Stil meg her og stil meg der, det endrar ikkje verda, akkurat. Nei, presis. Men det er faktisk enkelte som er ekstra betalt for å bidra her, til å skapa ein god kommunikasjonskultur i organisasjonen, og til å vera gode rollemodellar for sine medarbeidarar. Riktig gjetta, det er leiarane.

God kommunikasjon viser seg i eit samspel der dei involverte lyttar aktivt til kvarandre, gjev plass til innspel og forslag, og der innhaldet i bodskapen er forstått av dei det gjeld. Det er eit leiaransvar å legga til rette for at god kommunikasjon kan finna stad, men alle sitt ansvar å bidra med innhald i kommunikasjonen.

Det leiarar ofte gløymer er at dei sjølve er den viktigaste kjelda til informasjon for deira tilsette. Ingen kommunikasjonssjef i verda kan erstatta leiaren for den enkelte medarbeidar, når det kjem til handling og respons. Difor må leiarar ta kommunikasjonsansvaret sitt alvorleg, og difor er det – spesielt i store organisasjonar – viktig at dette blir utøvd på ein systematisk og føreseieleg måte. Å få informasjon «på gangen» eller i forbifarten opplevast som tilfeldig for den enkelte og skaper asymmetri i informasjonstilgangen i ei gruppe. Kjensla av å kunna gå glipp av noko, skaper uro. Det er heller ikkje nok at leiaren viser til det som står på intranettet, og ferdig med det. Overordna informasjon på intranettet utfører ikkje den oversettingsjobben som leiarane må gjera for at medarbeidarane skal forstå at det gjeld dei, og korleis.

Kva er vitsen?

Medarbeidarar som ikkje skjønnar vitsen med det dei skal holda på med og korleis det skal tena ein større heilskap, får ikkje nett lyst til å stå på for organisasjonen. Ein leiar har eit stort ansvar i å sørga for at formålet ikkje blir «lost in translation», i den enkelte medarbeidars arbeidskvardag. Leiaren skal rettleia medarbeidarane til å fokusera riktig. Til det trengs det noko så kjedeleg som gode kommunikasjonsrutiner.

I send an SOS to the world: Vis at du har forventningar til leiaren din. Hjelp den stakkaren!

Relaterte saker

Blogg

Fortell meg hvor vi skal!

Jeg vil at du skal hente strategidokumentet frem fra skrivebordsskuffen og gi det all den oppmerksomhet det fortjener.



Av Heidi Skålevik